Har strikka litt småting til ei lita jente som blir eit år om ikkje so allt for lenge. Det er alltid kjekkt å strikke om man veit at mottakaren blir glad for det;)
Juliet vest.
Egentlig er dette eit voksenplagg, men med (mykje) tynnare garn og pinnar og litt "tar det på feelingen"-cm-måling so går det fint å strikke den til småtroll og;)
Eg har brukt Jacobsdals Othello, eit lett og flott garn som eg har fått av Mamma. Det er 40% alpakka, 40% acryl og 20% ull.
Kjole må man jo og ha, dette er Elvira.Garnet er 100% bomull, og er ein resirkulert gensar som eg aldri vart ferdig med.
Nuddelig mønster, trur nok det blir fleire slike ja!

0 kommentarer:
Legg inn en kommentar