onsdag 10. november 2010

Fått litt huedilla...

No er Trolla mine godt i gong med litt av kvart her på Skinlotoppen..
Dei er varme i trøya, har fått inn den viktigaste norsken (som feks; kan eg få ein kjeks.. kan eg få drikke.. kan eg få skjeve) har lært seg å leike ute i snøen, og veit kor det er kjekkast å rote;)

Chris er på skulen på dagtid, og det går heilt supert etter det vi har fått ut av han. Han og Oliver kosar seg etter skuletid -det er jamment ikkje mykje vi ser til dei to nei..

I går var Oldis her og holdt småtrolla i aktivitet på dagtid, ho var med dei ut og viste dei korleis man skal renne på rumpebrett, DÅ vart det brått mykje meir interesannt å vere ute!


Eg sit inne og strikkar og ser rundt meg, utruleg kor flott det er med fjell...
Og eg har tatt meg eit skikkelig jafs av garnlageret til Mamma.. Strikkar og strikkar og er inn på spøkjerommet og finn meg meir tråd når det ikkje er nokon som ser meg, hihi;)

Har strikkar litt huer til ei lita jente, nok ein gong er det Jester-huer (rav-link)som står på menyen, strikka i Alfa frå Sandnesgarn på pinne 5,5mm..
Og inne på DROPS sine sider var det juleverkstad, der fann eg mykje fint (minn meg på at eg må lære meg å hekle skikkelig...). Blandt anna fann eg ei søt lita nissehue som eg fann ut at eg måtte strikke. Som sagt så gjordt!

Nissehue (rav-link) strikka i dobbelt silja sokkegarn, på pinne 5 mm
Og eg tok meg skikkelig i nakken faktisk, då eg laga nissehue.. for ikkje berre har eg laga dusk (pompom heiter det i oppskrifta..fancy fancy) men eg har faktisk hekla kant på!! med litt hjelp frå Mamma, for som sagt, hekling er ikkje heilt "mi greie"...

No skal eg strikke ferdig halsen til Pappa, han frys på jobb, det er ikkje bra..!!

6 kommentarer:

Elins Strikkeri sa...

Så mange flotte luer du har strikka!! Forstår godt at du koser deg heime i Norge, ha ein fortsatt fin dag:))

Trollkåno sa...

Ser ut som du kosar deg skikkeleg, ja.......mange fine huer.
Og ang. det garnlageret til mamma, so er vel det omtrent utømmeleg, etter det eg har høyrt.
Ha ein fin dag på Skinlotoppen!

Linda sa...

Godt å sjå at du kosar deg heime hjå mor og far. Det er og lov å ta seg ein tur til sogndal.

Tani sa...

Masse fine luer du har laget!! herlige bilder på bloggen din! Ha en flott uke videre!

Felulah sa...

Kjempefiiine!!

StrikkePia sa...

Falt pladask for den nisseluen. Klarte ikke glemme den, så nå har jeg fått tak i oppskriften. En slik må jeg bare lage!! Utrolig søt da. Takk for tips. :-)