mandag 4. oktober 2010

Tidanes bloggpause...

Ja, det har det vel vore...
hektisk hektisk heile vegen..

I mitt siste innlegg, 24 juli, nevnte eg at minstemann hadde vannkoppar..
Etter mange mange legebesøk, blitt sendt heim kvar gong traff eg endelig ein lege med augene der dei skulle vere, han såg at noko var skikkelig gale, og sendte oss vidare til akutten, derfrå vart vi sendt rett på isolat på barneavdelinga.. Etter ei veke med legebesøk, over 40 i feber og vannkoppar som ikkje såg ut slik som EG meinar dei skal sjå ut..

Ja, alle legane hadde hatt rett, det var vannkoppar.. men det dei ikkje var våkne nok til å innsjå var at han hadde en bakteriell infeksjon i vannkoppane, som var gått rett i blodet.. So då låg vi innlagt på sjukehuset i ei veke, -på isolasjonsrom med intravenøs antibiotika... Vannkoppar med streptokokk-infjeksjon...
Flyet vårt reiste utan oss, for vi var framleis innlagt på sjukehuset.. Då vi endeleg slapp ut var min flotte familie rask i avtrekkaren, bestillte nye bilettar og vi kom oss til norge likavel!!! Var ein fantastisk flott ferie, det var vanvittig herlig å sjå både landet og familien igjen -hadde det vore opp til meg hadde vi aldri benytta oss av retur-biletten...
Vel tilbake på nederlansk jord var det nok ein gong skule og jobb som fyllte dagane. Vi har flytta og tilpassa oss ein ny kvardag med mykje fram og tilbake med buss og trikk, men det går på eit vis det og!
Men historia er nok ikkje slutt der! neida...
Fredag for ei veke sidan fekk mintemann raude flekkar over heile kroppen.. overleppa hovna opp og det såg ut som om han hadde fått seg ein knyttneve på venstre auget.
Legen sa at det var ein klassisk allergisk reaksjon på "noko" og om han tok "desse" dråpane -15 dråpar 3 gongar pr dag- ville allt gå tilbake til normalen i løpet av eit par dagar..
Supert tenkte eg.. men neida....
Etter ei veke var det like gale, om ikkje verre... tilbake til legen... neida, klassisk allergisk reaksjon, fortsette å bruke dråpane....
laurdag, heile ansiktet svulma opp, store raude hovne flekkar over heile kroppen... tilbake til legen, som klarte å lirke utav seg at det var EG som måtte vete kva han var allergisk mot, det var berre EG som kunne finne ut av det, for EG visste kva han fekk i seg i løpet av ein dag. Han tykkte det var totalt unødvendig å komme tilbake til legekontoret....
Nåh, takk for den... vi fekk tablettar som han skulle ta, 4 tablettar... allereie etter første tabletten ville vi merke STOR forskjell...
Nokon her som trur på eventyr? det var ein gong ein tablett som ikkje hadde nokon effekt...
ja nesten tverrt imot vil eg sei...
Søndag var heile guten ein stor raud hoven flekk, klødde og klødde, og feberen kom som lyn frå klar himmel....
Tilbake til legekontoret....
Denne gongen hadde vi ein lege som såg 2 gongar på guten, tok ein titt på det som sto på skjermen, plukka opp telefonen og ringte akutt-mottaket..
På akuttmottaket vart det tatt bilder som vart sendt til ein spesialist, blodprøvert vart tatt, isolasjons-rom vart bestillt på barneavdelinga og VIPS so var vi på plass igjen...

2 rom lenger inne i gangen, same sjukepleiarane -som vi egentlig hadde håpa på å aldri sjå igjen..
Allergisk reaksjon på ein infeksjon i kroppen meinte spesialisten som hadde sett bildene, medesin vart diskutert, valget vart tatt, legane sette i gong med å leite etter eit sjukehus som hadde medesinen inne.. litt utpå natt kom første dosa..
Mandagen har gått med til å sitte her på cella vår, ete sjokolade, holde auge med feberen og å få besøk av masse legar og sjukepleiarar..
Vi var til hudspesialist som meinar at det er ein bakteriell infeksjon som er syndaren og grunnen til den allergiske reaksjonen.. hovudmistenkte er -hald deg fast- streptokokkar......



I morgon (tysdag) skal det takast nye blodprøver, og div andre prøver som skal sendast til testing og dyrking, so får vi sjå...
Vi har allereie fått beskjed om at vi treng ikkje håpe på å få reise heim med det fyrste...
Har eg nevnt at eg har gløymt igjen strikke/hekle-arbeidet heime....???


16 kommentarer:

liv bente sa...

Nei uffda, dissa vannkoppane såg ikkje så bra ut nei..godt at dokke traff den "rette" legen til slutt.

monsol sa...

Uffda, stakkars både deg og barn, må være slitsomme "vannkoppar" de har fått, og for noen trege leger.
Lykke til og god bedring.Synd det ikje er noen brevluke i desse maskinane for då kunne me stappt inn noe hekle/strikketøy te deg =) =)

Stine sa...

Ønsker dere god bedring!
De sårene ser forresten liknende ut som det vi har i huset om dagen, og det er brannkopper. Dette er en infeksjon med streptokokker eller staphylokokker i ytterste hudlag. Behandlingen for Frøkens lette utslett er vask med klorhexidin og smøring med antibakteriell salve.

Ingrid sa...

No håpar vi Kevin blir skikkeleg frisk fort.Ikkje måte på alt han skal gjennom.
Og so gledar vi oss veldig til den 16 okt.

Linda sa...

God betring til vetle guten. Du har jammen hatt da stritt i da sista, og att på til gløymt strikketøyet....faren får kome å sitja litt med kevin så får du heim å henta strikketøyet. Klem te deg.

Bodil sa...

Huff, så trasig de har hatt det. Håper forma er stigande. Riktig god bedring :)

Rosa sa...

Det er ikkje lite de har vore igjennom dei siste månadane - meir enn ein skulle tåle! No håpar me alle at det kan roe seg, og at de alle kan få vere friske og glade utover hausten!!

Masse god betring til vetleguten, og mange gode klemmar til mammo!

Beate sa...

Stakkars liten. Håper det går bra med dere begge.

Monstermønster sa...

God bedring til pasienten og mammaen som passer på!

Xhantippe sa...

Det høres ut som en tung tid for store og små. Håper det går bedre med dere. God bedring.

Eli Kristin sa...

Heisann! Kom over bloggen din via Strikkeblogger tror jeg. Artig å lese bloggen din og du kommer ikke så langt herifra heller (bor i Florø jeg). Håper alle friske hos deg nå!! :)

Ha en flott søndag, her har vi nettopp startet høstferien med nydelig vær :D

StrikkePia sa...

Huff da, stakars lite gutt. Og stakars dere foreldre og søsken som må se på at lille gutten har det vondt. Håper dere heretter er mer heldige enn dere har vært og treffer på gode leger som vet hva de gjør, og at han får den medisinen han skal. Og at han blir frisk, og snart får komme hjem!!!
:-)Ønsker dere alt mulig lykke til.

Hege sa...

Huff da! Håper dere har truffet på en fornuftig lege til nå og at han er på bedringensvei!

Tøybleiemamma? sa...

Offda! Husker lillesøstra mi hadde vannkopper med streptokokker da vi var små. (diagnostisert av en helt vanlig landsens lege...) Det så helt grusomt ut, og ble gjerne etterfulgt av diverse annen sykdom hos resten av familien siden streptokokker er ekstremt smittsomt. God bedring!

skb sa...

Dette høyrdest ikkje noko kjekt ut, verken for deg eller guten. Eg håpar han er på betringens veg no, og at dette er siste gongen de må på isolat.

Komadyret sa...

Uff, stakkars liten. Håper alt har gått bra og Håper dere slipper de sykepleierne igjen denne gangen da ;)