lørdag 2. juli 2011

mens vi ventar..

Ogso skammar man seg litt då.. over 2 mnd sidan sist eg tok tak i megsjølv ser eg.. huffaseg.. jaja..

Saker og ting skjer og tar opp mykje tid, flytting, jobbing, 3 søte troll, et relativt misslykka forsøk på å få seg eit sosialt liv.. (hehe) men no er det FERIE!!!

Onsdag (6juli) set vi oss på toget og klokka 21.30 går flyet til nydelige Norge! Vi blir henta på Gardermoen og får privatsjæfør heilt til vakre Breim.. Vi gledar oss alle 4, skal bli godt å vere hos familie i ein heil mnd!!! (utan sofa-arrest denne gongen..) Dei neste fire dagane vil gå med til rydding, pakking og å få kvilt litt, so turen ikkje blir allt for hard..

Som sagt so har vi jo flytta, var faktisk godt å komme seg litt nermare skulen til ungane igjen. pendling tar på det og!
Første vi har tatt tak i er å byte ut dei heller... stygge... lampene som var her... *grøss*
Eg og dei 3 små troll hadde skikkelig familieråd midt i butikken, og vart vel egentlig einige om at vi fekk fordele arbeidet litt....
So Gwen og Kevin fekk velge stove-lampa.....

Chris valgte lampe til gongen... (må riktignok hengast opp... SO effektiv er eg ikkje..)

Snik inn eit bilde av "blomane" eg fekk av trolla mine til bursdagen;)

Og eg fekk berre bestemme lampe til kroken i stova.. So då har no i det minste Bling-Bling-Rolf lys om kvelden... (sparebøssa eg fekk frå Sparebaken Sogn og Fjordane.. *snikreklame* )

Ungane fekk velge kubbelys, og eg fekk æra av å velge fat til dei...

Vi skal jo som sagt på ferie, og eg har tatt meg saman og proppa Ipad'en full av strikkemønster!! no er det jo uvisst kor mykje strikking det blir, men eg er forbredt!!

Eg har dermiot STORE planar om å komme i superform i løpet av ferien, eg skal og vil og måååå på fjelltur annakvar dag, eg MÅ nyte fjellet mens jeg har sjansen... Sant? Og ikkje veit eg kvifor, men eg har fått for meg at eg MÅ i Tistamskaret...

Men eg må jo skryte pittelitt, for eg tok meg no saman og fekk strikka gåve til læraren til Gwen. Ho ventar baby til hausten, og klassa har laga baby-korg med masse babygreier i.


Snug babyjakke og koseklut til Babyen;)

søndag 3. april 2011

Dobbelt-strikk

Eg har strikka litt dobbelt eg, ting eg allereie har strikka i år, men som vart ein suksess;)

For eksempel har eg strikka enda ein Elvira-kjole (Rav-link), til ei jente som heiter Elvira.. ;)


hjerteforma kokos-knappar måtte til soklart..
Og eindå ei SNUG jakke (rav-link).. Min marokkanske kollega har termin i september, så må man jo ha ei god jakke;)
Treknappar, av den fine sorten;)
Og eg har fått meg nye merkelappar, kunne jo ikkje merke allt med "tante sin".. hihi.. so no har eg fått meg lappar der det står AvaAdore på.. til dei som eg ikkje er tante til..

På pinnane no har eg endå ein Presto Chango, og ei PeaPod jakke, men trur ikkje eg og den oppskrifta blir heilt kompisar...

lørdag 26. mars 2011

endelig tatt mot til meg..

Nja, av og til tar ting litt tid.. SPESIELLT når man må sy i knappar.. eg hatar å sy i knappar.. men men... må man so må man..

Eg fekk to nøster DROPS BabyAlpacaSilk i gåve... og guhhhh hjelpe meg so herleg mjukt.. måtte bli noko praktisk, so det vart halsvarmar.. heilt enkel i ribb og perlestrikk, med ny-innkjøpte knappar.. fin å ha dei dagane det fremdeles er litt friskt ute,,
Denne vesle jakka var teknisk sett ferdig i midten av januar.. men "hadde ikkje" knappar... *kremt* Den er strikka i Gjestal Silja Sokkegarn..
Knappane er splitternye og soklart med Hello Kitty på!
Eg skal bli "tante" i juli, so då må jo veslejenta få litt strikketøy;)
Presto Chango'en strikka eg i midten av februar.. det var mykje banning då den skulle syast saman... slikt har eg ikkje tålmodighet til... Den er strikke i dobbelt Gjestal Senjagarn på pinne 5mm
Knappane har egentlig roser på, men sidan eg ikkje veit om mitt kommande tantebarn er jente eller gut fann eg ut at eg fekk holde det litt nøytralt... so eg snudde dei;)

No skal eg kose meg med litt pizza og snop, og sesong 3 av True Blood mens eg strikkar ferdig kjolen eg held på med..

søndag 20. mars 2011

Double Trouble

Gwen kosar seg på skulen, ho har ei besteveninne som heiter Baneen, og dei er meir eller mindre siamesiske tvillingar på skulen. "Skriv" brev til kvarandre og kjøper små gåver til kvarandre.

Vi fann ut at vi skulle gjere noko skikkelig.. Gwen har vokse ut av Juliet-vesten eg strikka til ho i Mai2010, og måtte ha ny, so då strikka eg liksogodt ei til Baneen og!

Gwen er gjerne modell, kjekkt å bli tatt bilde av!
Med puseknappar. Egentlig hadde jenta bestillt HelloKitty knappar, men etter at ho fekk ta seg ein tur i knappe-posen kom ho tilbake med desse. Eg har kjøpt dei på Etsy for lenge sidan;)
To små jakker til to små prinsesser;)
Egentlig ville vi strikke to rosa vestar, men gjekk tom for rosa garn, så då vart det ein kvit og (det var det eller gul;) )
Etter litt diskusjon vart vi no endeleg enige om at Gwen skulle beholde den kvite, og Baneen skulle få den rosa -med hensyn til at ho er indisk, og kvit då ikkje er ein farge man kan gje i gave.

Til ei lita jente

Litt jentestrikking må til!
Har strikka litt småting til ei lita jente som blir eit år om ikkje so allt for lenge. Det er alltid kjekkt å strikke om man veit at mottakaren blir glad for det;)

Juliet vest.
Egentlig er dette eit voksenplagg, men med (mykje) tynnare garn og pinnar og litt "tar det på feelingen"-cm-måling so går det fint å strikke den til småtroll og;)

Eg har brukt Jacobsdals Othello, eit lett og flott garn som eg har fått av Mamma. Det er 40% alpakka, 40% acryl og 20% ull.
Kjole må man jo og ha, dette er Elvira.
Garnet er 100% bomull, og er ein resirkulert gensar som eg aldri vart ferdig med.
Nuddelig mønster, trur nok det blir fleire slike ja!

søndag 20. februar 2011

Baby-Strikking

Okey, so eg tok litt av.. Eg berre "måtte" berre strikke litt Babykle.. har høyrt rykter om at det kjem ein liten baby til sommaren, og då klør det litt i strikkepinnane..

Til no er det blitt ein liten bunke som er ferdig og klar til å ta flyturen opp til Norge.. Allerheldst tek vi det med oss i kofferten i sommar.. (skal skal skal til norge.. om so berre på ferie...)

Foreløpig, 2 jakker, ein gensar, ein vest, ein kjole (for sikkerhetsskuld) eit sokkepar og 3 huer.. skal strikke litt sokkar og, ogso har eg litt av kvart som ligg i planane og ei jakke osm ligg her utan knappar,,;)

Babyjakke i Rubin, med stjerneapplikasjon...
SNUG babyjakke i Cortina, super jakke -tjukk og god!
Sokkar til SNUG jakka.. må jo matche;)
Wyatt genser i Lion Brands Fishermen's wool -importert heilt frå USA..
Aviatrix hue, den skulle matche jakka med stjerne på, men fargen er visst ikkje heilt same.. strikka i Trysilgarn Superwash Ullgarn.
Endå ei Aviatrix, mindre enn den andre, strikke i LionBrands Fisherman's Wool.
Pebble, søt liten vest som kan åpnast heilt opp på eine sida.. har høyrt mange lov-ord om denne oppskrifta, so er det berre å sjå om den lev opp til forventningane..
Strikka i LionBrand Fishermen's wool.
Pickles hue, endå ein genial konstruksjon, strikkast i eit stykke frå knytesnor til knytesnor.. strikka i dobbel Silja Sokkegarn, same garnet som applikasjonen på Stjernejakka.
Og for å heilgardere litt.. Om det skulle bli jente.
Kvardagskjole frå Nøstebarn, strikka i Lanett, med litt forandringar her og der...
Phhh, det var det for ei stund.. har mykje som er ferdig som eg ikkje har vist fram, kanskje eg må ta meg i nakken og legge ut allt..;)

torsdag 3. februar 2011

Hmmm...

ser det at eg faktisk må ta meg i nakken og oppdatere litt her ja...

Men det blir ikkje i dag..

Eg er nemlig so imponert over Mamma som strikkar tepper til babyar/barn i Nepal, at eg fann ut at medan eg pleier min eigen lungebetennelse kan eg jo gjere noko nyttigt for andre, so då hiv eg meg på teppe-laging eg og..

So! fram med restegarnet, so fyller man på med einslige nøster osv etterhvart.

Om man skal bruke opp lageret sitt i håp om framtidig flytting, so må jo dette vere ein fin måte å gjere det på!

fredag 24. desember 2010

Har faktisk hekla eg;)

Det har blitt mykje julegåvestrikking i det siste, men det kan jo ikkje visast fram heil endå;)

I mellomtida kan man jo skryte litt av eigen innsats på "lære å hekle" fronten!!

Ei god veninne har lenge sagt at ho ville ha eit hekla skjerf.. etterkvart tek man jo mot til seg;)

Har ganske enkelt helka ei avlang bestemorsrute (bestemors-rektangel?;) ) til sånn ca ok str..
Den nye eigaren er storfornøgd og har allereie bestillt eit til.. med litt anna heklemetode. variasjon må man jo ha;)

Det mest sjokkerande med heile greia er vel at skjerfet er 100% AKRYL... eg har ALDRI likt akrylgarn, fysj og fy, men dette her garnet er faktisk overaskande komfortabelt å jobbe med!! pluss at eg ikkje hadde svart garn i kassane mine lenger, so då tyr man til alternativ;)

Utanom å hekle skjerf so driv eg og på med teppe... av enklaste typen..
Eg heklar ei gedigen bestemors-rute i Førdegarn/østlandsgarn/safirgarn, med 5mm pinne. på 13.fargeskiftet tok det meg 50gram garn å komme rundt to gongar.. ser for meg at eg kjem til å gå tom for garn etterkvart, og då er nok teppet stort nok!
Genialt bruke-opp-garnet-prosjekt! Trur nok eg må lage fleire slike;)

mandag 29. november 2010

Fat Bottom... på sett og vis..

Denne her måtte nesten få eige innlegg.. Skryte litt ekstra av megsjølv..
Føle at eg nesten litt har overgått megsjølv litt..

1.eg kan ikkje hekle...
2.EG kan IKKJE hekle...;)

Men det stoppar jeg ikkje, for eg tykkjer allt som er hekle er vanvittig flott!!
Og nesten mest av allt ynskjer eg meg ein svart FatBottomBag (med dei nødvendige forandringane, soklart...)

Menmen! tilbake til skrytet..;)



Hekla ganske enkelt stavar (ehm.. trur eg) sydde saman på sidene og sydde på ramma (?)

Låsen/ramma kjøpte eg på Ebay, kjøpte 5 faktisk, litt optimistisk der.. Noko som betyr at eg har ca 3 til overs.. når eg er ferdig;)

Gwen har overtatt denne, eg skal på leiting etter bomullsgarn i riktige fargen og glans, og etter ei stund kjem forsøk nummer 2!
Stay tuned;)

Skippartak-blogging del2....

Hihi ja veit eg sa at eg ikkje skulle drive med skippartak-blogging, meeeeen av og til... trallalla...

Innimellom kos og julegåvestrikk har eg no fått tid til litt anna...

Lena kom og så at ho ikkje hadde vottar.. det måtte man jo gjere noko med..
Begge er strikka etter Give a hoot mønsteret, i Gjestal sitt "Topp't tå" garn.


Nja, og sidan eg raskt blir lei av å strikke vottar (og sokkar..) so måtte man gjere litt forandringar på vottepar nummer 2...
Ei baggy-hue til ei fin jente, den er gått i posten og fell forhåpentlegvis i smak hos sin nye eigar;)
Jakthue må man og strikke, ja, kan ikke la hjortejegarane gå rundt å fryse. Gode idear får man, og fleirbrukshue blir det;)

(Chris er noko uvillig modell...)
Og når vi snakkar om Chris, han har spurt meg mange gongar, han ville ha pulsvantar.. og det fekk han!
innlegg 1 av... 3 (?) i dag;) Stay tuned;)